fredag 24. november 2017

Frå 0 til nesten 1400 moh.


Gjestebloggar denne veka er Siri Bjorstad Hjermann. Ho kjem frå Øystese, og flytta frå fjord til kyst for å jobbe som lærar på Flora Vidaregåande skule. Siri legg ut flotte bilete på Instagram under namnet iriseye67

Frå fjære til fyr, frå fjord til fjell. 




Slik er Flora kommune: Frå øyar til keipar, niper, bør og bre. Når ein køyrer Riksveg 5 går det rett vest mellom niper og fjell, og augneblinken når terrenget opnar seg og horisonten kjem fram er makalaus. Siste stopp på vegen er Florø, skal ein lenger vest må ein legga på svøm. Florølandet ligg flatt som eit golv, med unntak av Store- og Lilleåsen, og namnet Florø kjem visstnok av det engelske «floor» som igjen stammar frå norrønt. Denne kommunen som eg flytta til for 22 år sidan, byr på eit mangfald av kontrastfylte turar. Eg vaks opp ved Hardangerfjorden, og ut stoveglaset i Øystese såg eg rett over fjorden på Folgefonna. At heimtraktene mine har vore ettertrakta reisemål sidan 1800-talet er lett å forstå. Det er alltid godt å vera heime i Hardanger, men etter å ha budd så lenge ved havet  kjenner eg at det er dette opne, værharde landskapet som har blitt heime for meg.


Ut i øyane


Etter nokre månadar i Florø vart eg kreftsjuk, og måtte venta ein månad på operasjon. Eg kontakta Gunnhild Bjelland, som leigde ut rorbuer i øyane. Ho hadde sesongstengt, men leigde likevel ut den minste rorbua si. Slik hadde det seg at den første turen min i Flora kommune gjekk til topps på den ruvande, røffe øya Store-Batalden (492 moh) midt i mørke desember. Gunnhild redda psyken min og kirurgar tok seg av sjukdomen. Batalden har etter dette hatt ein spesiell plass i hjarta mitt. På seinare turar her har eg opplevd havblikk og sommarvarme, men mest minnerik er for alltid den første turen, då motbakkane var tyngst. Søren Kierkegaard sa så klokt at: «Jeg går meg til de beste tanker, og jeg kjenner ikke en tanke så tung at man ikke kan gå fra den. Når man slik fortsetter å gå, går det nok.»


Over skodda


Vakker utsikt frå Håsteinen. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Den andre turen min gjekk til Håsteinen, (964 moh.) - opp skogsvegen, forbi det idylliske Høydalsvatnet, over elva og så opp bratte Breiskåra på den smale stien. Vel oppe vart eg snytt for utsynet, skodda hadde sige på og berre fjelltoppane var synlege, som små skjær i sjøen. Det frodige landskapet og havet med alle øyane var vekk. Seinare har eg vore på toppen og sett kva eg gjekk glipp av. Frå kjøkenglaset mitt ser eg dagleg rett aust på Håsteinen, Skålefjellet og Strandanipa, gjennom kikkerten ser eg til og med varden på Haukåbøra (1065 moh.). Nokre turar går eg gjerne og ofte, men Børa, som Haukåbøra blir kalla, er ikkje ein av desse. Mannen min har masa på meg i årevis om å gå dit, og siste helga i august fekk han meg endeleg med.  Det er ein variert og spennande tur, så eg vil absolutt tilrå turen!


Haukåbøra sett frå Børabu. Foto: Siri Bjorstad Hjermann


Mellom kontrastar


Børa-turen byrjar med 100 meter på asfalt. Parker ved Nordalsfjorden-skiltet, og gå eit kvarters tid i lett terreng til Haukåvatnet. Der er det like fint midtsommars som når snøen ligg djup eller syndefloden silar ned. Tru meg, eg har prøvt alle variantane. Den eine sida av vatnet er frodig myrlendt, eventyrtrær står til knes i vatn ved ein gammal støl, medan den andre sida er full av svære, golde steinar i fine formasjonar. Alt dette speglar seg så magisk i vindstilla. Du balanserer over ei smal trebru, vestover kastar fossen seg utfor, du skimtar så vidt Batalden ute i havet og steile fjell heng over deg.


På veg mot Børa. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Så ventar eit Hobbit-aktig steinlandskap dekka av irrgrøn, tjukk mose. Litt etter sildrar lyset ned gjennom tette lauvtre, det er bratt, andpusten vinn du høgdemetrar, og ved hjelp av ein kjetting klyv du lett opp det brattaste partiet, sjølv med litt høgdeskrekk. Du passerer Grisebotsvatnet, og undrast over korleis eit så spektakulært vatn kan ha eit slikt namn, du passerer små dalar og frodige fjellsider som vert stadig brattare og meir aude. I det fjerne skimtast den tidlegare turlagshytta Børabu like ved demningen. Vel oppe ved varden på den steinete, litt ugjestmilde og aldeles imponerande og unike Børa ser du seglingsmerket Alden, sjøklippen Hornelen og heilt til oljeplattformane.


Mikroekspedisjonar


Flora har 14 toppar over 1000 meter, og breier seg over om lag 650 kvadratkilometer. Men ein treng ikkje gå verken høgt eller langt; nærområda eignar seg til mikroekspedisjonar. Ut det andre kjøkenglaset mitt ser eg rett på Storåsen (100 moh) der Wehrmacht bygde anlegg under andre verdskrig, og der ein student budde 4 månadar i telt, inntil prosjektet hans regna vekk. Etter få minutts gange over Storåsen sit eg på ein benk med panoramautsikt mot solnedgang, horisont, øyar og båtar. Uansett vær og årstid er det fint å ta kveldsturen hit, eller sørover til Sørstrand Folkepark, der bruer forbind holmar med fastlandet like ved flyplassen. Det er spesielt å stå der når eit Wiederøe-fly går inn for landing, når vinden brølar og du knapt held deg på beina. På sandstranda her er det forresten fint å bada, året rundt! Mange padlar mellom holmar eller ut mot øyane, uansett vindstyrke eller -retning kan ein finna ei eigna padlerute i nærområdet nord, sør, aust eller vest for Florø.


Sørstrand Folkepark. Foto: Siri Hjermann

Då eg fylte 50 i sommar gav mann og døtre meg ein mikroekspedisjon. Eg elskar å vera på reisefot, men familien veit godt kva stader eg likar for trim, kontemplasjon eller fotosafari. Dagen før dagen vart eg «kidnappa», og etter ymse krumspring og ein biltur med bind for augo, kom me til eit naust der kajakk og kano låg klar, og så padla me ut til holmen i Kvalvika. 

Ein glad 50-åring i Kvalvika

På PC-en har eg hundrevis av bilete av Kvalvikholmen med sitt eine tre, i all slags vær året rundt. Eg fekk eingongsgrill-lunch og nærkontakt både med «treet mitt» og to svært sosiale sauer, før me tilbragte natta på Eikefjordstøylen. Betre overgang mellom to 10-år kunne eg ikkje fått. Døgnet var som tittelen på boka til Arve Sandal og Arve Ullabø: «REIN LUKSUS.»


Sauer i Kvalvika. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Frå brunostskiver til delikatesser


Det er mange høgder i kommunen, og nokre av desse er store på smak, men med småletne namn. I trivelege, små lokale i Florø finn ein Vesle Kinn og Lille Marked, som begge byr på smakfulle mat- eller drikkeopplevingar. Nista mi er ofte kvardagslege brunostskiver, men eg lærte noko då eg var med ein lystig flokk tøtter på tur. Vel oppe ved varden trylla dei fram velsmakande ostar, skinke, oliven og berykta blings frå «Lille Marked». Ei hadde til og med bore ei flaske Prosecco og jordbær til topps! Det var tett skodde og lite å sjå, men ein høydare likevel. Kontrastar og variasjon gjer seg i matboksen så vel som i naturen! Eg må innrømma at eg seinare i mild februarsol har ete sushi frå Thai Isaan Restaurant, med beina dinglande frå brua over Haukåvatnet.


Tur og retur. Opptur, men ingen nedtur


Då eg vart spurt om å dela turfavorittar fekk eg eit problem; det er så mange å velja blant. Eg kunne ha skildra den augustkvelden eg kom opp på kvardagsfavoritten Hatlesetnipa (583 moh.) og fekk med meg ein liten konsert, då ei mor og to søner lufta gitaren. Eg kunne ha fortalt inngåande om redsla og sigerskjensla høgdeskrekken gav meg, då eg ein grå julikveld let meg lokka rundt den særprega, aldeles eineståande øya Kinn. Eg kunne ha teke deg med på vandring over den frodige, frie øya Askrova. Eg kunne ha vist deg Tjofjellet (350 moh.) ein tur så flott at ho som tipsa meg om den fekk roser som takk. Og ikkje minst kunne eg ha sett ord på det eg såg og høyrte ut vindauget på Kvanhovden fyr, den vindfulle septembernatta då eg overnatta der.


Utsikt over Askrova. Foto: Siri Bjorstad Hjermann

Flora kommune: frå fyr til fjære, frå fjord til fjell, frå morgon til kveld. Året rundt ventar naturopplevingane på oss, godt skildra i bøkene «Opptur Sogn og Fjordane» eller Flora Turlag si «Turbok» frå 2016. I ein slik natur er det ikkje vanskeleg å ta Tomas Espedal sin boktittel som ei utfordring: «Gå. Eller kunsten å leve et vilt poetisk liv.» 


God tur!

Siri Bjorstad Hjermann

fredag 27. oktober 2017

Mine favorittar i Gulen


Gjestebloggar denne veka er Merete Mellingen (54). Ho bur i Åsane og har hytte i Dingja i Gulen.


Naust på Brekke. Foto: Merete Mellingen


Mine favorittar i Gulen


Gulen er ein flott kommune med mykje fjell og flotte fjordar rundt seg. Idylliske Dingja er min favorittplass. Her har me hatt hytte sidan 1999, heilt på neset med panoramautsikt til Sognesjøen.

I Dingja er det ei nydeleg sandstrand, og visa til Terje Nilsen "Æ lengta ofte utover te' Mjelle, når vintern kommer krypan kaill og kvit. For stranda ligg så still oppunder fjellet og ainna folk tar sjelden turen dit" er ganske beskrivande om denne vakre bygda. Denne visa med litt omskrivingar er Dingjarane sin eigen song, og vert titt og ofte sunge. I Dingja er det ei flott gjestehamn der du kan ankre opp og berre nyte den flotte bygda. Både Trogefjellet og Sagefjellet kan by på flott turterreng. Løypene er merka. Utsikta du får frå toppen er fantastisk flott. På heilt klare dagar kan ein frå Trogefjellet sjå boreplattformene. Dingjavatnet er kjempesvært. Egnar seg godt til å gå tur langs, men endå gøyare med kano/kayakk. Flotte ørreter kan du få på kroken om du har fiskelykke. Å ta turen ut til Dingeneset fyr er ein flott opplevelse. Då kjem du tett på Sognesjøen med flott utsikt til alle kantar.

Dingja i Gulen. Foto: Merete Mellingen

Frå hytta vår ser vi rett øve til Straume på Hisarøyna. I år vart me tipsa om Hisarøydagen og tok turen. Det var utruleg kjekt. Aktivitetane gjekk føre seg på skulehuset. Hesteskokasting, luftgeværskyting, spikerslåing og basar er berre nokon av tinga du kunne være med på. Me kjem gjerne igjen.

I mai 2007 opna vegstrekningen mellom Sollibotn og Dingja. Ikkje så lange strekket, men du verden så vakkert. Eivindvik er kommunesentrum i Gulen. Det er ein fast møteplass. Etter ein koseleg handletur på «Sparen» er ein god prat med kaffi og noko godt å bite i på Design Flores. Kjempegod atmosfære, veldig hyggeleg betjening og du kan nyta både blomster, kunst og flott utsikt til vågen.


Nattehimmel over Tingveggen på Tusenårsstaden Gulatinget. Foto: Merete Mellingen


Tusenårsstaden Gulatinget er vel verdt eit besøk. Den flotte tingveggen er eit mektig syn. Flotte turstiar å rusle rundt på, med historisk sus. Husker ein gong eg var der på nattfotografering saman med mannen min. Plutseleg høyrde vi ein løyen lyd…tsk tsk tsk… Lyden kom nærare og nærare og vi såg ikkje kva som lagde lyden. Den følelsen når du står der i stummande mørke og ein endeleg, etter eit hopp, kvepp og nesten besvim av skrekk, oppdagar at det er ein nymotens robotgrasklippar som køyrer rett ved beina dine. Ruver ikkje høgt i terrenget den, hehehe!

Du må gjerne prøve lukka med å få sverdet laust frå steinen på Gulatinget. Kanskje er det du som vert konge?

Sverd i stein ved Gulatinget. Foto: Petur Thor Photography


Berre så det er sagt, Gulen har jo eigen konge dei! På Skjerjehamn står det flotte monumentet av Kong Olav V. Eit midtpunkt under Utkant festivalen der han blir omkransa av folk, akkurat slik folkekongen likte. Vi tar titt og ofte båtturen ut til Skjerjehamn. Flott å rusle rundt og sjå på bygningar og området. Der er også ein artig liten landhandel. Fiskesuppa er eit «must» det går gjetord om. Rett og slett heilt konge!

Under Utkantfestivalen. Foto: Merete Mellingen

På Mjømna er det ein kjempeflott camping med båtutleige. Vi tar ofte turen i skjergarden der. Godt fiske og veldig idyllisk. Vest og nordvest for vakre Byrknesøy ligg det omlag 1000 øyer og holmar ein kan gå i land på, grille og kose seg. Ofte ser ein ørn, og er du heldig får du også sjå havoteren. Vegen er kort ut i havet til storfiske.

Byrknes. Foto: Merete Mellingen

Sognesjøen og fjordane rundt er ein opplevelse. Flotte kystsamfunn, godt fiske og eit rikt fugleliv. Kobbe kan du også møte på. Eg er ikkje så tøff under vatn, men Gulen Dykkesenter kan gje deg mange mogelegheiter. Du kan dykke på skipsvrak frå 2. verdskrig, eller jakte på den vakre maneta Periphylla Periphylla, også kalla Kronemanet.

Hjort er det mykje av i Gulen og det er heilt fantastisk å gå våren i møte med å få oppleve kolla med prikkete kalv. Du ser dei tidleg om morgonen og seint om ettermiddagen/kvelden. Om hausten er det grådig spennande med lokkejakt. Eg jakter best med kamera, og har ennå tilgode å fange storbukken på brikka - men håpet er no der.

Dette er litt av det eg likar å gjere i Gulen. Det er berre å ta turen for her står opplevelsane i kø!

Merete Mellingen

Til slutt litt om bakgrunnen for fotointeressa mi
Eg fekk malignt melanom (føflekkreft) i 2007 med spredning i 2011. Det vart ein kjempesvær operasjon med mange strålingar i etterkant. Ein av seinskadane er lymfødem i beinet. Ein annan etterskade er fatiqe, være veldig trøytt, ukonsentrert og gløyme lett. Det var då legen på Haukeland fortalde at dette var kjende biverknader og at dei ofte blei verande eg bestemte meg for at dette ville eg prøve å gjere noko med. I 2013 måtte lære meg noko nytt for å gje føde til hjernen. Då vart valet fotografering med manuelle innstillingar. Hjelpe meg kor vanskeleg dette var. Eg trudde aldri eg skulle klare å hugse kva ISO, lukker og blender var for noko! No har eg levert bileter til Fjordkysten i fleire år og har hatt 2 utstillingar, den første på Design Flores i Eivindvik i fjor haust. Stor stas. Det du kan tenkje på når du ser bileta mine er at eg ikkje lenger kan gå på tur i fjell og mark på grunn av dei etterskadane eg har fått. Så alle mine bileter er tatt enten frå båt, bil, ein terrasse eller kai. Det gjeld berre å finne andre måter å komme seg ut i naturen på, og eg storkoser meg med det. Har du lyst til å sjå fleire av bileta mine? Du finn meg på Instagram under namnet photomerete

fredag 20. oktober 2017

Solund - en godt bevart hemmelighet


Gjestebloggar denne veka er Ellen Ekevik. Ho bur i Son i Akershus og har hatt hytte i Solund sidan 2001. Ellen er glad i å ta bilder og deler dei flotte bilda sine på Instagram under namnet ellenpellenpropellen.


SOLUND - EN GODT BEVART HEMMELIGHET 



Jeg har ikke tenkt å bruke min tilmålte, eksklusive plass til å omtale de attraksjonene i Solund som er mest kjent, og som det finnes informasjon om mange andre steder, som: Utvær, Gåsvær, Litle Færøyna, Pollatind, Ravnenipa og DNT RåkenesetJeg vil heller omtale og ”reklamere” for de stedene jeg synes er flottest, og som jeg synes andre også bør få gleden av å besøke selv om de ikke er så kjent. Her er noen av de plassene og turene i Solund som jeg liker best.


Ospa


Ospa er et øyrike på nordsiden av Lågøyfjorden. Her er det fantastisk å padle mellom små holmer og skjær. Det er mange lune viker der det (med litt strev og vassing) er mulig å komme seg i land. Fotturen opp på Ospefjellet er vel verd å få med seg, det er flott utsikt fra toppen. Jolle eller kajakk er nok det enkleste framkomstmiddel i Ospa, det er mange trange og grunne kriker og kroker der.

Ospa. Foto: Ellen Ekevik


Hågøyna


Det er flott med kombinasjonen padling og fottur til Hågøyna. Med kajakk kan en padle ut fra Lauvvika (nord for Hardbakke, mot Strand) og over til Nordre Leirvika på Hågøyna. Skift til tursko og følg stien på skrå nordover på høydedraget, til du kommer til varden på toppen (følg høydedraget, det er lite sti, men noen sauetråkk). Her er det lett å gå og en fantastisk utsikt over kystlandskapet selv om toppen bare er 180 moh. Det er ekstra fint å innta dagens lunsj her oppe, hvis det ikke blåser for mye. Man kan selvfølgelig dra hit med jolle også, men større båter er vanskeligere å få lagt fra seg.

Utsikt fra toppen av Hågøy. Alden troner majestetisk i bakgrunnen.Foto: Ellen Ekevik



Hognefjorden


Her er det flott å padle! Man kan kjøre bil til Lauvvika (på veien til Strand) og sette ut kajakkene der, det er lett tilgjengelig fra veien. Hognefjorden er en relativt liten fjord, men full av øyer, holmer og skjær. Det er trange sund og ”huler” å padle inn i.

Hognefjorden. Foto: Ellen Ekevik


Nilsvika


Nilsvika ligger i Nord-Solund. Man kan komme i båt eller kajakk fra Hersvikbygda. Man kan også kjøre til Drengeneset og padle der ifra. I Nilsvika er det flate svaberg. Det er grunt, så det kan være litt trøblete å komme i land. Men kommer man seg først i land og det er strålende sol, varmt og lite vind, er det nesten som å være i Syden. Det er store groper/fordypninger i berget. Gropene blir overskyllet på høyvann - på lavvann blir de til rene badebassengene med oppvarmet vann. Det er ikke dypt nok til å svømme, men dypt nok til et flott bad i oppvarmet sjøvann. Ta med reker og hvitvin, og du får en knalldag i Nilsvika.

Hvis man padler til Nilsvika langs land i Lågøyfjorden, forbi Drengeneset og Tverangerpollen passerer man flere huler som det er spennende å utforske, dersom det ikke er for store svell i havet.

Nilsvika. Foto: Ellen Ekevik


Hummerstakken


Hummerstakken som heter Hammarstakken på kartet er 159 meter høyt med en varde på toppen. Kommer du fra Hardbakke kjører/sykler du over Daløysundbrua og første vei til høyre. Etter et kort stykke tar du grusveien til venstre. Kjør et godt stykke til du ser merka turløype på venstre side av veien. Turen starter med en del nedoverbakke, noe som virker litt rart når man skal på en fjelltopp - men det er riktig. Stien er godt merka. Det er oftest ganske bløtt her, så du bør ha godt fottøy. Fra toppen ser du rett ned på Leirvika og Tangeneset. Det er også flott utsikt over Ytre Sula.

Utsikt fra Hummerstakken. Foto: Ellen Ekevik


Lågøyholmane


Lågøyholmane er en gruppe øyer som strekker seg vestover langs sørsiden av Lågøyfjorden. På vårparten/ tidlig sommer er det et mylder av markblomster på øyene. Det er mange steder å komme i land fra båt, med kajakk er det beste stedet på innsiden (sørsiden) av den ytterste holmen. Det er kjempefin utsikt over Lågøyfjorden. Med kajakk er det fint å sette ut fra Strandavågen eller Avløyp.

Landgang på den ytterste Lågøyholmen. Foto: Ellen Ekevik


Solnedgangsbenken


Solnedgangsbenken er avmerket som utsiktspunkt i NAFs veibok. Dette er en tur alle som har 2 eller 4 bein kan klare. Det går an å leie sykkel på Hardbakke, da er det rundt 1 mil å sykle i vakre omgivelser for å komme til startpunktet for stien til Solnedgangsbenken. Dersom man kommer med bil må man ta veien til Strand. Fortsett videre mot Avløyp på en lang rett strekning, så til en sving. Rett etter svingen er det en parkeringslomme der det står skilt til Solnedgangsbenken. Fotturen er noe over 300 meter lang på godt merket sti. Når man kommer fram finner man en benk og en varde med boks og bok pluss en liten overraskelse. Det er flott utsikt over Lågøyfjorden, og det er selvfølgelig spesielt flott å se solnedgangen derfra. Solnedgangsbenken har egen side på Facebook. 

Solnedgangsbenken. Foto: Ellen Ekevik

Det som er mest fantastisk med Solund etter min mening, er at Solund er fjellet ved havet. Her får man altså både i pose og sekk. Den spesielle geologien i Solund, konglomeraten, gjør at topografien er annerledes enn de fleste andre steder. Det gjør heller ikke noe at det er en øykommune, noe som gjør at det blir et lite, ”intimt” samfunn der de fleste kjenner hverandre og ”alle” deltar på ”alt”. Som hyttebeboer fra østlandet er det av uvurderlig betydning at det er lett å bli ”integrert”. I Solund er det altså muligheter for å utforske omgivelsene både til havs, i båt og kajakk og til fots i fjellet. Landskapet er spesielt vakkert når purpurlyngen blomstrer. Her er det sopp og bær, fisk, ørn og oter. I Solund er været en attraksjon i seg selv - stekende hett i vindstille og sommervarme, og spektakulært når været står på innover øyer, holmer og skjær i kuling og storm.

Velkommen til Solund!

Ellen Ekevik

onsdag 11. oktober 2017

Hyllestad - Fjordkysten sitt vakraste eventyr



Gjestebloggar denne veka er Kristina Robinson. Ho er fødd og oppvaksen i Hyllestad, og bur for tida i Bodø der ho er trainee gjennom Trainee Salten. 


HYLLESTAD - FJORDKYSTEN SITT VAKRASTE EVENTYR

 Kristina Robinson

Lyden av båtar på veg ut i Åfjorden, synet av Alden i det fjerne, leik frå havørna ute i fjorden, eit friskt kveldsbad i fjæra, ein spretten makrell som bit på, vandring gjennom vikingtid, smaken av sjølvplukka blåbær på veg inn i marka og dei slitne beina som traskar ned att frå fjelltoppen etter utsikta har gjort deg mållaus. Dette er berre ein liten smakebit av kva du kan oppleve om du tar turen til Hyllestad.

Eg kan fortelje deg at du kan leige båt på Sørbøvåg og reise på fisketur i fjorden, eller kanskje det freistar å reise på oppdagingsferd i kajakken. Har du ein appetitt for kultur og historie har vi mykje spanande å by på, blant anna den Trondhjemske postvei, kvernhusa i Skor og ein gamal kyrkjegard. Eg kan tipse om kulturvandring og rykande fersk bålkaffi i Kvernsteinsparken. Når du først er i parken vil du ikkje kunne motstå å handle heimelaga keramikk kunst av Pixie Sowerby og kvernsteinssmykker frå Åfjordstein. Er du interessert i andre verdskrighistorie, kan eg kort nemne at Hyllestad har rike forteljingar, fleire bunkersar og eit fort på Nesje du kan betrakte. Kanskje er du ein som likar å drøyme deg vekk i vakker kunst, og då anbefaler eg ein tur innom Atelier Holst. Jagar du eventyr, kan eg peike deg i retning Lifjorden. Gjennom svingar, smale veger, rygg tilbake til nærmaste utkøyrsle, vink til smilande forbipasserande, pass opp for lamaer og vidare rundt eit vatn og du er i ein levande akvarell. I Lifjorden kan du sjå kvar Noregs første flyulukke fant stad, det er også her du parkerer om du skal leggje i veg opp på den berømte Lihesten. Når din indre Askeladd treng ein pust i bakken, anbefaler eg middag og ei kald utepils på Hotel Sognefjord, og då helst ei frå Skifjorden bryggeri.

Det er mangt eg kan avertere om opplevingar i Hyllestad, men eg ynskje å avsløre min familie sine Hyllestad favorittar. Er du som oss, glad i å bruke sansane og kroppen ute i naturen og frisk luft, vil eg skildre to eventyrlege utfluktar som vil falle i god jord.


Ungdomslagshytta

Ved ungdomslaghytta. Foto: Kristina Robinson

Pakk med deg freistande niste, litt grillmat og ved, fiskestong, har du ei hengekøye ta den med, ei god bok, kortstokk og ein sovepose. Parker bilen ved Lonaelva på Løland, og følg skogsvegen inn til ungdomslagshytta som ligg ved Heggetjønna. Det er cirka 45 min å gå inn til hytta frå parkeringsplassen. På vegen inn i skogen kan du stoppe for å plukke blåbær, følgje fotspora til hjorten, gå på fotosafari, prøve fiskelykka i elva, høyre gjøken gale og leite etter kantarellar. Ved ungdomslagshytta er det bygd opp eit fint uteområde med bålplass der du kan grille og kose deg med ein kopp kaffi. I vatnet kan du bade og fiske etter kjø, og om vinteren gå på skøyter. Kringom hytta kan du gå på oppdagingsferder, og er du glad i leik er gøymespel og bygging av hinderbaner perfekt. Eller rett og slett nyt roen og knyt ei hengekøye mellom to tre og les ei god bok.

Når du er klar for å krype inn i soveposen, kan du anten slå opp eit telt eller nytte deg av hytta som har 8 sengeplassar. Hytta har utedo og ingen straum, så det kan vere lurt å ta med seg ved eller kol til grill/ bål.


Hesjetinden

Utsikt frå Hesjetinden. Foto: Bjarte Urnes

Hyllestad har mange flotte fjellturar å smykke seg med, og ein av yndlingane er Hesjetinden 492 moh. Hesjetinden er ein lett topptur som tar cirka 1 time opp og passer både for seniorar, vaksne og born. Det fører fleire stiar til toppen, men eg plar gå i frå Øverås eller Akse. Når eg går frå Øverås parkerer eg ved sidan av Mørketjørna, og det er merka sti heile vegen. Går eg frå Akse, parkerer eg ved Sætre, også her er det skilt og merka sti til toppen. Langs stien kan du drøyme deg vekk og la tankane flyte, mens du smakar på bær og plukkar skogsgull (anbefaler å ta med eit nett). På toppen kan du kike rett ut i Åfjorden og beundre den majestetiske Lihestveggen. Ynskjer du å spandere på deg ein heil dag i fjellet og ein natt under stjernehimmel, er Hesjetinden ypparleg for telting og fiske med fleire vatn i området.


Overnatting

Når du har gått langt og lengre enn langt, og ikkje er heilt klar for å forlate eventyret heilt ytst i Sognefjorden, kan eg anbefale fleire overnattingsplassar. Er du campingtypen, må du sjekke ut Birkeland camping. Vil du sove i mjuke senger og vakne opp til hotellfrukost må du ta turen til Hotel Sognefjord. Blei du forelska i Lifjorden, kontakt Hatlems hytter eller ein av dei mange hytteutleigarane. Fekk du ikkje nok av Sørbøvåg? Høyr med Fjordkick feriehus. Og vil du ha ein kjensle av det sjeldne som du seint vil gløyme, aleine i naturen, nattbad i stamp og ein god kveldsprat i ei varm gamme, tilrår eg at du reiser til Løvli.


Sjåast i Hyllestad!

Kristina Robinson



lørdag 7. oktober 2017

"Å komme heim" av gjestebloggar Karina Nybø



Å komme heim

Før, til dømes det året eg gjekk på folkehøgskule i Telemark, då folk spurde meg kor eg er frå – brukte  eg å svare noko vagt og uspesifikt, som ”Vestlandet” eller ”Sogn og Fjordane”. Få veit Sunnfjord ligg, eller har høyrt om den vesle øya eg kjem frå. Eg syntast det var strevsamt å prøve å forklare kor eg er frå, og kanskje til og med at det var litt flaut å være frå ein liten plass som knapt ingen hadde høyrt om, når ”alle andre” kom frå byar dei fleste kjenner til – slik kjentest det i alle fall. Eg lærde raskt at dei fleste (austlendingar) vil anta at du kjem frå Sunnmøre når dei høyrer dialekta di – dette må ein rett og slett finne seg i når ein er Sogn og Fjording. No derimot, er eg litt eldre enn då, og kanskje difor meir sjølvsikker. Når folk spør, svarar eg stolt at eg kjem frå ei lita øy langt vest i havet med omtrent 200 innbyggjarar: Værlandet. Eg vil ta deg, lesar, med på ein liten tur dit.

Eg reiser ikkje så ofte heim, no når eg studerer vert dette berre mellom semestera, altså i juleferien og i sommarferien. Det tek nemleg litt tid å komme heim, men dette ser eg på som litt av sjarmen ved det å komme heim. Ei lang reise gjer at ein verkeleg set pris på å komme fram til målet, når endeleg ferjelemmen senker seg ned på kaia og eg kan gå av etter ei lang reise med mykje kikking ut av bussvindauget og filosoferinga over livet som følgjer naturleg med det.

Utsikta mot Alden, frå båt. Foto: Karina Nybø

Det første som møter meg, er den gode lukta av havet. Det er noko heilt spesielt ved denne lukta, og eg får ei ro over meg når eg fyller lungene med frisk havluft. Då er eg endeleg heime. Eg har budd andre stader som ligg ved havet: Florø, Oslo og Trondheim – men ingen av desse stadene har den same friske havlufta som heime. Ein må rett og slett dra litt lenger ut i havet for å kunne kjenne denne, har eg skjønt. Her ute er det ingenting anna som kamuflerer den reine, gode lukta av hav og tang i fjærekanten.

Blikkstille sjø, nær fergekaia på Værlandet med utsikt austover mot Askvoll. Foto: Karina Nybø

Vidare, når eg ruslar heimover, ser eg gjerne noko av det rike dyrelivet som lever saman med menneska her ute. Den majestetiske havørna sirklar over himmelen, tjeldepar vaktar reira sine ved sjøkanten og kjem med sine smått nervøse skrik om ein kjem for nære. Oter leikar i fjæresteinane. Skarven tørker vingane sine på eit skjær med ein langhalsa hegre like ved. Eg smiler for meg sjølv og tenkjer på at desse dyra får leve stort sett i fred med menneska her ute i øyane.

Det er eit rikt fugleliv ute i øyriket. Foto: Karina Nybø

Eg kikkar bort på den majestetiske Alden, det 480 meter høge fjellet som ragar rett opp frå havet og som eg ser ut av stoveglaset mitt heime. Der skal eg nok ta meg ein tur opp medan eg er heime. Uansett vêr er det ein kjempeflott tur med utsikt over øyane her ute. Der kan ein sjå ut mot nabo-øysamfunnet Bulandet, som har vegforbindelse med sju bruer frå Værlandet. Ut dit må eg også ta meg ein sykkeltur over bruene. Dette er ein god trimtur i fantastisk natur og med varierte omgjevnader. Bulandet er også veldig spesielt med sine 365 små øyer og holmar, og eit av dei vestlegaste bebudde samfunna i Noreg.

Utsikt over Værlandet og Alden frå Høgkletten, 165 m.o.h. Ein fin liten tur med flott utsikt. Foto: Karina Nybø

Om natta, om det er stjerneklårt, likar eg å kikke opp på stjernehimmelen, som er noko heilt anna enn den eg får sett i til dømes Trondheim der eg held til til vanleg. Ein ser så mange fleire stjerner, og Melkeveien som eit lyst belte over himmelkvelvingen. Eller, om sommaren, berre å være ute til langt på kveld og gå ein av dei mange turstiane som finnast her ute, som er laga av på dugnad, som så mykje anna her ute. Dei som bur her ute i øyane er vande med å gjere sin del av det felles arbeidet med å gjere dette samfunnet til gode for alle som bur og ferdast her. Det å ta seg ein joggetur ute på lyngheiene er noko eg alltid ser fram til når eg kjem heim.



 Noko av det ein kan sjå på nokre av dei mange flotte turstiane på Værlandet. Foto: Karina Nybø


Om vinteren frys gjerne nokre av dei grunne vatna, og då tek heile familien med seg niste og kakao og går på skøyter i timesvis. Om sommaren når det er varmt, samlast mange og tek seg eit deilig bad enten i eit av desse vatna, eller i havet. Rett ved der eg bur er det ei fjære som vi har brukt å bade og leike i. Vi finn krabber og eremittkreps, kastar flyndre og byggjer steinhus. Som barn vart vi aldri leie av å leike i fjæra om sommaren.

Om vinteren er det populært å stå på skøyter til dømes på Kråkevatnet, med Høgkletten i bakgrunnen. Foto: Karina Nybø

Noko som eg også alltid må gjere når eg er heime om sommaren, er å dra ut med båt. I sommar hadde eg ein fantastisk fisketur saman med brørne mine. Det var heilt blikkstilt på havet, og vi reiste ut med motorbåten og kjende den varme gode vinden i håret medan båten suste over bølgene. Då vi kom fram til fiskeplassen, var sola i ferd med å gå ned og Alden vart farga raud av solnedgangen. Eg og brørne mine satt i båten og fiska medan vi diskuterte kva det var som gjorde at solnedgangen var raud. Medan vi drog opp fangsten vår, stakk ein kobbe hovudet opp og kikka nysgjerrig på oss rett ved båten. Havørna flaug over hovuda våre, og jammen såg vi ikkje ein flokk med nise som symde ikkje langt frå der vi låg og duppa i det blikstille vatnet.

Solnedgang over Værlandet. Foto: Karina Nybø

Det er alltid godt å komme heim, og kjenne på den ekte roen av naturen her ute. Eg er ikkje lenger flau når eg seier kor eg er frå. Eg er stolt over å komme frå ein så vakker og særeigen plass, og viser gjerne bilete heimefrå, for som du sikkert har skjønt er det ikkje vanskeleg å ta flotte naturbilete her ute. Kanskje tar du, lesar, turen ut til øyene langt vest i havet ein gong, så får du også oppleve denne unike kjensla av friheit og ro. Bilete og tekst kan berre prøve å beskrive det. Det må rett og slett opplevast.


Karina, 22 år frå Værlandet


fredag 29. september 2017

"Ein friluftsentusiast sin draum" av gjestebloggar Ida Ellingsund



Flora kommune 
– ein friluftsentusiast sin draum

Ida Ellingsund

Før drøymde eg meg vekk frå Florø, no drøymer eg meg tilbake. Florø var mitt barndomsrike, lite visste eg at det også skulle bli mitt «drømmerike» som voksen. Eg tråkka mine første, små barndomssteg i Florø. Det eg ikkje visste var at Florø sin natur la igjen eit større avtrykk hos meg, enn det nokon av mine steg gjorde i Florø. Eg har ikkje prega Florø, men Florø sin natur har prega meg. Når eg flytta vekk frå Florø trudde eg at det eg heldt på med, blant anna av friluftslivaktiviteter, var mitt eige påfunn. Eg trudde eg var sjølvstendig og at gleda for friluftslivet var tilfeldig. Der tok eg så inderleg feil.  Naturopplevelsen starta i Florø, og Florø sin natur gjorde meg sulten på å sjå korleis verda så ut i frå den eine fjelltoppen til den andre. Dette har resultert i at eg no etter sju år vekke frå Florø, kanskje dessverre har opplevd meir natur andre stadar enn min eigen heimkommune. I forhold til dette innlegget tenkjer eg at dog at dette kan være bra slik at dykk lesarar forstår at eg ikkje er fullstendig subjektiv i dette innlegget, for til tross for andre vakre stadar eg har vitja, så meinar eg fortsatt at Florø sin natur er eineståande. 




Florø i eit nøtteskall 

Det som kjennetegner Florø er nettopp den herlege kombinasjonen av fjell og hav, og det er denne utsikta Florø-fjella belønner deg med når du kjem til topps på eit av fjella. Sjølv om ikkje sjøutsikt frå fjell i Norge ikkje nødvendigvis er noko unikt, er det noko spesielt med havutsikta her. Sidan Florø er Norges vestlegaste by får du ein følelse av uendelig havutsikt når du får utsikta mot vest.  I Florø finner du fjell mellom alt frå 400 moh til 1000-meters topper, og utsikta er ofte også veldig god frå dei mindre høge fjella.  For dei som er glad i havfiske eller ferskvannsfiske finnes det også flust av muligheter for dette. Eg må også nemne at ein av dei største fordelane med friluftsliv i Florø er at det faktisk er mange turar du kan gå utan å treffe ei sjel, og for oss som har opplevd å gå i kø i Nordmarka i Oslo, er jo dette eit ettertrakta gode. Flora turlag har også vore flinke med merking av stiar og løyper i fjellet, utan at du treng å gå i kø på desse turane heller. Her finnast det med andre ord noko for alle. Det eg også vil trekke fram med Florø er at det er fantastisk lett å drive med friluftsliv. Byen er omkransa av sjø og fjell, så du treng aldri å reise langt for å få følelsen av å være i naturen. Kva med å berre være til stades i ei hengekøye ved sjøen, høyre bølgeskvulp og nyte livet? Friluftslivet kan faktisk være så enkelt som det også, og i Florø er det aldri langt mellom disse fine plassane. Dersom du derimot også ynskjer å ha ein aktiv tur til Florø, så tenkte eg i dette innlegget å presentere fem av mine friluftslivfavorittar i Flora.




1. Kajakkpadling i Florø

Om du tar ein titt på kartet over Florø så vil du se at byen ligger midt ute i havet og er omkransa av øyer og storhavet i vest, og fjordar på nord og sør-sida av byen. Her kan du sjøsette kajakken din kor som helst og få ei fantastisk oppleving. Det som gjere kajakk  opplevinga i Florø spesiell er følelsen av uendeleg hav i vest, og utsiktene mot fjella som omkransar Florø som ein beskyttande mur.  Kva med å padle ein tur til øya Ålvora kor kommunen har tilrettelagt for grilling og bading ved å lage platting. Her er det veldig tilrettelagt og fint for barnefamiliar. I tillegg har naturen laga den nydelegaste badekulpen som er fin å bade i når det er flo. Her er det også mykje småkrabbe å finne for dei minste ungane. Dersom du ikkje vil padle, kan du også ta med båt hit og fortøye den på kaia som finnast der.  Ei av mine andre favoritt øyer å padle til er den vesle øya Skorpa. Her er det fantastisk geologi og naturen har nærmast laga eit naturleg badeland. Klippene på nordsida av øya strekker seg frå 1-20 meter så her er det uendeleg muligheter for å hoppe og stupe. Uansett om du vil hoppe her frå eller ikkje, så er denne vesle øya et vakkert og fasinerande skue i seg sjølv.  Dersom du ikkje har eigen kajakk kan du leige kajakk eller båt hos Florø Rorbu


Utsikt frå Sandviksfjellet

2. Sandviksfjellet, 221 moh. og Egga 427 moh. – Ei ukjent perle

"Ein fantastisk kombinasjon av historie, fjell, utsikt, og mest sannsynleg får du ha alt dette for deg sjølv.»

Eit av de mindre brukte fjella i Florø, men fortsatt ein av mine favorittar. Dette fjellet ligg i Sandvika. Du kan anten køyre hit og gå på fjellet, eller du kan køyre båt eller padle kajakk til Stakalleneset og gå her frå. Eg føretrekk sistnemnte alternativ.  Sjølv om fjellet ikkje er veldig høgt byr det på ei fantastisk utsikt. I tillegg er oppstiginga artig då du for det meste navigerer deg fram mellom lett furuskog, nokre lyng- og grasflekkar og berghyller. Sandviksfjellet har spesiell geologi til samanlikning med andre fjell i kommunen, og mykje av fjellet er berg. På denne turen har du utsikt frå du starter på havnivå, noko eg setter pris på. 

Tjern ved Sandviksfjellet

Det er mogleg at det er ei merka løype frå Sandvika, men frå Stakalleneset er det umerka og ingen sti. Her er det bare å finne ei fornuftig rute til topps. Det kan være at du må endre kurs eit par gonger då det er ein del uframkommelege bratte klipper undervegs, men det er litt av moroa, å finne ein fornuftig veg. Turen til Sandviksfjellet kan også gås med barn, mine erfaringar er at dei synes det er ein artig tur sidan det er noko småklyving for dei, og fordi at turen ikkje er for lang.  Vel på toppen er det berre å nyte utsikten, eller for dei som ynskjer meir tur er det også nydeleg å fortsette til Egga 427 moh., som ligger øst for Sandviksfjellet. Noko øst for toppen av Sandviksfjellet ligger det også fleire små tjern, og eit noko større idyllisk vatn, som også kan være fine å ta turen innom. Stakalleneset og Sandviksfjellet kan også by på ei historisk reise tilbake til steinalderen. På Stakalleneset var det gruvedrift i meir enn 4000 år, frå 6500 f.Kr. til 2000 f.Kr. Her tok dei ut den spesielle diabassteinen  som ein brukte til å lage økser og reiskap av. Truleg har Stakalleneset hatt ei viktig rolle som handelsstad på denne tida då undersøkelser vider at stein frå Stakalleneset er funnet frå Nordland til Jæren. Det er tre steinbrot på Stakalleneset som ved første augekast ser ut som ei naturleg kløft mellom to berg. Eg har berre besøkt dei to felta nede ved sjøen, men det skal visst være eit tredje steinbrot her. Så dersom du har eventyrlysten i behold er dette et sted du kan bruke mange timer. Vil du lese meir om dette kan du ta ein titt på Bjørn-Henrik Knapstads tekst her


Klatring i Grytadalen

3. Klatring i Grytadalen 

Tru det eller ei, Florø kan også være ein klatredestinasjon. Her trur eg det fortsatt er mange uklatra linjer i fjellet og at Florø har eit uant potensial. Mykje av fjellet i Florø egner seg bra til fleire taulangders klatring med kiler, så er du gira på å gå opp på første gong er kanskje ikkje Florø så dumt. Dette har eg dessverre ikkje fått prøvd i Florø sjølv, men eg ser for meg at det kan være veldig bra.  Dersom du derimot er interessert i bolta klatrefelt har Florø klatreklubb gjort ein fantastisk innsats i Grytadalen med å bolte ruter. Dette er blitt eit fantastisk klatrefelt, nydelig utsikt mot Florø by, sol nesten hele dagen og mange ruter. Her finner du alt frå enkle ruter til meir utfordrande ruter. Feltet er ein blanding av svaklatring, noko vertikalt og noko overheng. 

Grytadalen 

4. Fjellturar i Grytadalen

Grytadalen er eit fantastisk fjellområde i Florø. Her finn du mange flotte fiskevatn og mange flotte fjelltoppar. Fjella er lett tilgjengeleg då du kan parkere bilen din på ca. 400 moh., dermed er du rett i fjellheimen når du går ut av bildøra.  Området er populært både sommar og vinter. Her finner du blant anna stiar og merka løyper til blant anna Terdalskeipen (744 moh.), Klauvekeipen(769 moh.) og Haukånipa (790 moh.), som alle belønner deg med fantastisk utsikt mot Florø by og det uendelege havet. Terrenget i Grytadalen er for det meste lettgått, og dette er snille fjellturar, med noko steinur på veg mot Terdalskeipen.  Grunnen til Grytadalen er et av mine favorittområder er på grunn av at du faktisk får en smule høgfjellsfølelse her i dette opne landskapet.  Dersom du er interessert i ein noko lengre rundtur ville eg valgt å gå på Haukånipa frå Haukåvatnet og retur via Grytadalen. Då får du ein noko lang tur, ca. 9-10 km og omtrent 790 høgdemeter sidan ein startar turen nesten på havnivå. I tillegg vil du få ein tur med variert utsikt og terreng, frå traktorveg, stiar, skog, blåbærlyng til meir svaberg og lyng.



5. Haukåbøra, 1065 moh. 

Dette er verkeleg Florø sin juvel som er umogleg å la være å legge merke til frå Florø by. Den er ein skikkeleg «eye-candy», og alle som bur eller har budd i Florø har nok kvilt sine auge på denne juvelen opptil fleire gonger. Det har vertfall eg.  Turen opp til Haukåbøra er noko meir krevjande enn dei nemnde turane, då du også her startar ganske nærme havnivå når du parkerer ved innkøyrselen til Norddalsfjorden. Sjølve turen er bratt, men trygg og fin.  Dette er ein tur kor du føler at du har gått tre turar på ein dag på grunn av det varierte terrenget. Frå tett skog på veg opp til Grisebotsvatnet, til meir ope landskap der det eine vatnet overlappar det andre. Spesielt Grisebotsvatnet er utruleg vakkert, det kan nesten sjå ut som at Grisebotsvatnet går i eit med havet som er i bakgrunnen.  Frå Grisebotsvatnet til toppen er det ein blanding av gras og lyng til å bli meir stein og ur mot toppen. Sjølve turen til Haukåbøra er lang og noko bratt, men eg vil påstå at kvar svettedråpe er verdt strevet. På toppen opnar landskapet seg, Florø og øyane ute i havet ynskjer deg velkommen og Ålfotmassivet ligg rundt med sine vakre hylleformasjonar. Naturen her er unik, og eg trur ikkje det kan samanliknast med noko. Dette er ei utsikt du ikkje kjem til å gløyme, og som du faktisk ikkje får noko anna stad enn i Florø. Dersom du synes at noko av dette falt i smak og blei freista til å besøke byen i vest, anbefaler eg å lese boka, Opptur Sogn og fjordane, av Anne Rudsengen og Finn Loftesnes. Her finn du utallege turbeskrivingar frå fylket og frå denne perla i vest. 



Då gjenstår det berre å ynskje deg god tur! Eg er sikker på at Florø vil ta godt i mot deg. Vi sjåast på tur!