mandag 30. juni 2014

Historiske FjordKysten



Historia vår er viktig for oss mennesker. Den fortel oss om levesett til enkeltmennesker, lokalsamfunn og nasjonar, og korleis dette har påvirka oss som lever her i dag. Langs FjordKysten finn vi eit mangfald av historiske attraksjonar, frå Gulatinget i Gulen, ei av dei eldste og største tingsamlingane i Norden frå mellomalderen, til levande industrihistorie ved Helle fabrikker i Holmedal. Og det er ikkje berre dei historiske attraksjonane som fasinerer oss, men også det vakre landskapet, med fjord, fjell og ei kystlinje der øyane ligg som perler på ei snor. Her står opplevingane i kø, og berre venter på opplevingstørste besøkande… 

 Gulatingsparken er tusenårsstaden i Sogn og Fjordane. Foto: Merete T. Mellingen. 

På Flolid ved Eivindvik er det reist ein skulpturpark som markerer at Gulatinget møtte ved Gulafjorden i fem hundre år. Bønder frå heile kysten samla seg nemlig i Gulen for å utforme lover og avseie dommar i saker - i direkte forhandling med kongen. Gulatingslova la grunnlaget for at Norge vart eit demokratisk samfunn basert på lov og rett.

 

Gulatingsparken innbyr både til ettertanke, til læring og til aktivitet – tett på kunst, kultur og natur. Parken er ope for publikum, og det er omvisning for grupper heile året etter avtale. www.gulatinget.no

Lengre mot vest i Gulen ligg Skjerjehamn. Staden ligg i skipsleia gjennom Gulen, og har vore handels- og gjestgjevarstad heilt tilbake til 1600-talet. Hovudhuset vart reist i 1891 av Otto Schreuder. I tillegg til gjestgiveri, har her vore drive butikk, postopneri, telegrafstasjon, nothenge/barkeri, slipp/mekanisk verkstad, trelastlager, dampskipsekspedisjon, samt eit lite gardsbruk. 

På Skjerjehamn i Gulen kan du overnatte i historiske omgivnadar eller nyte livet som båtturist. 

I 2005 kjøpte fiskeoppdrettar Ola Braanaas staden, og bygde om Skjerjehamn til reiselivsverksemd for båtturisme, overnatting og kursstad. I 2007 kjøpte Braanaas eit granittmonument av kong Olav V, laga av kunstnaren Knut Steen. Monumentet står på ein haug ved Skjerjehamn og helsar majestetisk på alle som passerer i skipsleia! www.skjerjehamn.no


 Hels på kongen på Skjerjehamn! 
Foto: Merete T. Mellingen.

Utvær, som ligg 8 km vest for Ytre Sula, er Norges vestlegaste øygruppe med det vestlegaste fyret i landet. Staden har både historisk sus og ein natur som fengjer. Med kortaste veg til Shetland låg Utvær som ei dørhelle for ferdsla til og frå over Nordsjøen. 


Utvær er ei idyllisk øygruppe, lengst vest i Norge.  
Foto: Magne Hamre. 

Utvær er kjent frå historia heilt attende til vikingtida. I 1066 segla Harald Hardråde ut frå Solund då han skulle freiste å legge under seg England. 200 skip og dertil proviantskip og småskuter var samla. Soga seier at ein del av skipa gjekk ut frå Utvær. Slaget enda med fall ved Stamford Bridge. På austsida av vågen ved Likberget ser ein nokre spor i berget. Historia fortel at det er spor etter vikingane som slipte sverda sine før dei drog over havet på vikingferd..
Det var i året 1900 det monumentale fyrtårnet vart satt opp. Fyrtårnet i støypejern ragar 31 meter over berget og sender lyskjegla i 45 meters høgde over havflata. Lysblinken kvart 30.sekund når 35 km ut i Nordsjøen.


Frå toppen av Utvær Fyr er det storslått utsikt! 
Foto: Anne-May Waage. 

Frå 29.juni – 17.august 2014 går det guida båturar frå Hardbakke til Utvær kvar sundag. Her får du guida omvisning på Utvær, og høve til å gå opp i fyret for dei som ønskjer det. Kontakt mail@fjordkysten.no for meir informasjon.


Kvernsteinsbrota i Hyllestad er norsk kandidat til UNESCO si verdsarvliste, saman med vikingskipsgravene i Vestfold. Arkeologar har datert aktivitet i brota frå 700-talet. Først tidleg på 1900-talet vart det siste steinparet hogge ut. I Sverige og Danmark er det funne stein frå Hyllestad i så store mengder at det er snakk om ein organisert handel som går attende til vikingtid.  

 I Kvernsteinsparken kan du prøve deg som steinhoggar!
I Kversteinsparken kan du sjå spora etter tretten hundre år med kvernsteinsproduksjon. I tilknytning til det freda gruveområdet, er det tilrettelagt eit område for aktivitetar relatert til kvernsteinsdrifta. Her finn ein bygningar med opphaldsrom, smie, utstillingslokale for to forliste skipslaster, og anna informasjon. 

Om sommaren er det aktivitetar for heile familien.

Kvernsteinsparken er open for publikum, og tilgjengelege informasjonstavler fortel om kvernsteinshistoria i Hyllestad. I perioden 21.juni – 17.august er det faste omvisningar, historisk vandring, suvenirbutikk og enkel servering. Du kan prøve deg som steinhoggar, og delta i andre aktivitetar. Ope tysdag – sundag, 12 – 16.  www.kvernstein.no

Den historiske postvegen mellom Bergen og Trondheim går gjennom Fjaler, Hyllestad og Gulen. Vegen vart bygd i åra 1801 – 1806 og har mange fine steinbruer. Ei oppleving for vandrar eller ein syklist med terrengsykkel.

Den folkekjære diktaren Jakob Sande (1906-67) er fødd og oppvaksen på Klokkargarden i Dale. Her finn du fødestaua til dikateren (Bestefarsstaua), våningshus og løa. Jakob Sande-samlinga i Bestefarsstaua huser museumsgjenstandar som bestefars-lampen, dei to luttane og førsteutgåvene til diktaren.

I Fjaler kan du besøke barndomsheimen til Jakob Sande. Foto: Jakob Sande Tunet.
Frå 15.juni – 10.august er det sommarkafè og omvisning på heile området kvar sundag kl.14 – 17. Her kan du høyre om diktaren, liv, dikting og kulturhistoria til Dale. Omvisning og arrangement med kulturinnslag for grupper heile året etter avtale. www.jakobsande.no

Korssund er ein gamal gjestgjevarstad heilt vest i Fjaler. Staden har fått namnet etter ein 4 meter høg steinkross, som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Korsen er av typen «Olavskross», og er ein av dei største i landet. Steinen krossen er laga av kjem frå kvernsteinsbrota i Hyllestad. I dag er her butikk, gjestehamn, kiosk og campingplass. Ein møtestad for sjø og land i gamal og ny tid.

I den vesle bygda Rivedal i Askvoll står ein statue av Ingolf Arnarson. Dette er eit monument over pionèrånd og utferdstrang i Dalsfjorden før år 1000. Frå heimgarden sin i Rivedal måtte Ingolf Arnarson i år 874 flykte etter å ha teke livet av to av sønene til Atle Jarl. Han reiste då vestover og kom til Island, og grunnla her den første busetjinga på øya. Slik går røtene til nasjonen Island direkte tilbake til Rivedal i Dalsfjorden, og har i nyare tid skapt tette og sterke band mellom Island og Dalsfjorden. Statua var ei gåve frå den islandske stat i 1961, og er ein kopi av ei statue som står midt i Reykjavik.



Helle Fabrikker er eit stykke levande industrihistorie. Knivfabrikken vart etablert i 1932, og fortsatt er det knivproduksjon ved fabrikken som ligg vakkert til ved fjordkanten i Holmedal. Den gang, som i dag, skjer mykje av produksjonen manuelt. Filosofien er og den samme; godt handverk blir skapt av gode handverkarar! Fabrikken tilbyr guida omvisingar for grupper etter avtale, og har elles ope fabrikkutsal mandag-fredag, 09.30 – 15.00. www.helle.no

I Stongfjorden i Askvoll ligg Norges eldste aluminiumsfabrikk. British Aluminiumscompany starta vasskraftutbygging i 1906 og produserte aluminium frå 1908 til 1945. Spora frå den engelske industrien er framleis tydelege. Det utvikla seg eit særprega industrisamfunn i den vesle bygda, med privathus, folkebad og tennis- og fotballbane.

Heilt ute i havgapet vest for Florø ligg den irrgrøne, grasdekte øya Kinn. Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Noreg i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15.000 menneske her og på omkringliggande øyer i sildesesongen.

 Sagaøya Kinn har spennande historie, spektakulær natur og ei vakker kyrkje frå 1100-talet.
Foto: Gry Seim.
Den sangomsuste Kinnakyrkja på øya er byd i romansk byggjestil, og har vore i bruk sidan 1100-talet. Ho har seinare vore bygd på og restaurert, og framstår i dag så nær opp til det opprinnelege som mogleg. Kyrkja er den eldste i Sunnfjord, og er frå gamalt av knytt til lengenda om St. Sunniva og Seljumennene, men ein meiner i dag at ho vart satt opp av keltarar som gøymde seg frå religionsforfølgjarar. Frå 1.juli-17.august 2014 kan ein vere med på guida tur til Kinn. 
 
Svanøy si historie er mangfaldig og går langt tilbake i tida. I forrige århundre var øya det viktigaste senteret for religionen, med stor aktivitet på eksport og skipsfart. Over 100 mann arbeidde i kopargruvene, «haugianerane» var storprodusentar av salt, hver det bygd skip og drive storgard. På øya ligg Svanøy Hovudgård, som i si tid var både adelssete og bispegods. 

Vakre Svanøy Hovedgård har vore både bispegods og adelssete.
Eit besøk på Svanøy er ein fin dagstur frå Florø. Øya eignar seg spesielt til å opplevast med sykkel, med lite trafikk og flatt terreng. Ein reiser med rutebåt frå Florø og kan leige syklar på butikken på kaia. 

På Kystmuseet i Florø kan ein sjå utstillingar om livet på kysten, frå sild til olje. Museet ligg vakkert til ved sjøen i Florø.
www.kyst.museum.no

Foto: Øyvind Skarstein.

I FjordKysten finn ein 2 store og særprega helleristningsfelt - Ausevik i Flora kommune og Vingen-feltet i Bremanger. 

Ausevik er tilrettelagt for publikum slik at ein kan besøke feltet på eiga hand. Her finn ein over 3000 år gamle figurar. Feltet viser over 300 ristningar, både dyre- og menneskefigurar. I tillegg kan ein sjå fruktbarheits- og jordbruksmotiv, såkalla Veidemannskunst. Geometriske teikn, spiralar og labyrintar finn ein over heile feltet. Feltet er godt tilrettelagt med parkeringsplass, publikumsrampe, stiar, santiærbygg og informasjonsskilt. 

Ausevik ligg ca 30 minutts køyretur frå Florø. Ein tar ved Eikefjord og køyrer vidare utover i ca 10 minutt. 

Vingen i Bremanger er eit av dei største og mest særmerka helleristningsfelta i Nord-Europa. Her er det avdekka over 2200 ristningar, som truleg er 4000-6000 år gamle. Hjorten er det vanlegaste motivet, men ein finn óg menneskefigurar og abstrakte symbol. Området er verna, og ein kan kun besøke Vingen saman med ein autoristert guide. Kvar fredag i sommarsesongen er det guida tur til Vingen frå Florø og Smørhamn. 

 Vingen er eit av Nord-Europas største helleristningsfelt.

I Bremanger finn ein fleire historiske attraksjonar. På vestspissen av Rugsundøy ligg Tongane Kystfort, som var eit av dei tyske festningsverka på kysten av Norge under 2. verdskrig. Store delar av festningsverket står framleis att, mellom anna hovudkanon og offiserbrakke. Gravrøysene i Botnane er eit av dei fremste kulturminna frå bronsealderen i Norge. På Grotle i ytre Bremanger ligg Grotle Kyrkjegard, som er ein freda gravplass frå 1300-talet. Dette var i si tid den einaste kyrkjegarden i Bremanger. 







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar