torsdag 5. juni 2014

Topptur til Lihesten


Tekst og foto: Håkon Haukøy.

Lihesten, det særmerkte fjellmasssivet i Hyllestad som reiser seg mellom Åfjorden, Lifjorden, Sognefjorden, Tollesundet og Storakersundet, har noko spesielt tiltrekkjande ved seg.
Først og fremst er det eit fantastisk friluftsområdet for fjellfolket, men for dei med spesielle interesser som jakt, fiske eller fjellklatring, vil Lihesten vere ein draumestad. Her finn du utfordringar og her finn du dei store opplevingane; heile tida omkransa av ein fantastisk og sjeldan vakker natur.

 Naturen rundt Lihesten er slåande vakker.
 
STINETTET
Frå Lifjordvegen under Lihesten er det tre moglege utgangspunkt for fjellvandraren. Dei fleste vel Lekva som utgangspunkt for turen, og då særleg om turmålet er Gygrekjeften, 714 m.o.h. På Lekva, om lag 4 km frå Hyllestad sentrum, er det god parkeringsplass. Vel du å gå mot Risnesnipa, 777 m.o.h. først, er det mest fornuftig å starta oppstigninga frå Risnes eller Hovland. Hovudstinettet oppe på fjellplatået er forsvarleg varda og merka, og såleis skulle Lihesten vere ein sikker og grei tumleplass for friluftsfolket, men skulle skodda koma på deg, må du for all del halde deg til merka løyper.


Skoggrensa passert og utsikta opnar seg. 
Bilete teke frå oppstigning frå Lekva og utsyn mot Risnesnipa.

NIPESTIEN
Turgåarar som kjem til Hyllestad, har høyrt at Nipestien opp mot Gygrekjeften skal vere luftig og utfordrande – og det stemmer! Men dette er i grunnen ingen tursti, men ein snarveg mot toppen som krev skikkeleg armstyrke, klårt hovud og ansvar for dei som er med i fylgjet. Stien er i dag ikkje forsvarleg sikra, og bør ikkje nyttast. Vi håpar at god og teneleg sikring skal vere på plass til tursesongen 2015.

Fjellvande turlagsfolk vil ta oppstigning via Nipestien. Her passering av første hinder.
 
”HAVØRN”- ULUKKA
Møter du Lihesten for første gong ein regntung morgon, og skodda heng tjukk ned mot Lifjorden, vil du synast dette er trasige greier og kryp kortaste vegen inn i teltet att og ned i soveposen. Nett slik var veret ein junimorgon i 1936 då ruteflyet ”Havørn” rende i den stupbratte Risnesnipa, like under toppen. Alle sju om bord omkom. Dette var den største og mest alvorlege flyulukka i Noreg fram til då. I juni 2008 vart flyulukka markert med ein minnestein.



”LIHEST-KLYVET”
Kjent og populær både for folk i Hyllestad og folk utabygdes frå, er den årvisse turmarsjen ”Lihest-klyvet”. I 2014 startar marsjen på Lekva sundag 8. juni klokka 09.30 og endar opp på Gygrekjeften. Undervegs passerer deltakarane forbi 3 L-stølane (Lekva, Lundeland, Lireid) der styrkedrikken Gygreskvetten vert servert. På Gygrekjeften er det utdeling av deltakarmerke med Lihest-motiv, og spesiell premiering ved 5 -, 10-, 15– og 20 gongs dekltaking. Vanlegvis vert Lihest-klyvet arrangert andre sundag i juni.

Glade fjellfolk på Gygrekjeften i Lihestklyvet 2013.
Det blir delt ut flotte premiar til dei som har vore med 5, 10, 15 og 20 gonger! 


LEGG GJERNE NEDTUREN OM RISNESNIPA
Etter matpause, godprat og fotografering på toppen går det på snauberg og snøfonner raskt unna mot 3L-stølane att. Dei mest spretne kan leggje turen bortom Jordevatnet, eitt av dei mange små og store vatn som ligg som sølvblenkjande klattar i store og små søkk over heile fjellet. Jordevatnet har underjordisk og undersjøisk utlaup ein stad i Åfjorden.                                                                                    
 Turfolk i samla tropp og topp humør og form protesterer ikkje om kursen så vert sett mot høgste toppen i Hyllestad, knapt 1,5 timars trasking litt opp og litt ned, men mest bort mot 777 meter-over-havet-varden på Risnesnipa. Utsynet herifrå må berre opplevast; du ser vidt og langt, i alle fall når lufta er som ho brukar å vere på forsommardagane.

  Etter ein fantastisk dag på Lihesten er flokken samla ved varden på Risnesnipa.
No står berre att nedstigninga til Hovland - ei grei løype.
Siste etappe over Lihesten kan så byrja, nedstigninga mot Hovland i Lifjorden. Friskt på alle måtar: sildrebekkar og småfossar med iskaldt vatn frå snøsmeltinga, luftig utsyn over Lifjorden, Sognefjorden, Sognesjøen, fastland og øyriket. - Ja, kor begynner havet eigentleg, undrast ein hollendar som gledde seg over at han vart med på ein vakker tur på trolske Lihesten.  Ei lita dagsreis seinare har du igjen oljegrus under beina på vegen forbi Hovland.

TIDER OG STADER
Vel du å leggje fotturen til Lihesten ein godversdag, må du bruke dagen på dette markante fjellmassivet. Frå sjøen ser det ikkje så overveldande stort ut, men først når du er oppe på fjellplatået, ser du dei store avstandane. Sjølvsagt er det dei som gjer turen frå Lekva til Gygrekjeften og nedatt på 2 – 3 timar, men opplevinga vert tilsvarande minimert. Bruk dagen!

Det tøffaste (eller galnaste) bevegar seg heilt ut på Gygretanna, 711 m.o.h.!

Vil du besøkje trimpostane på Lihesten, Gygrekjeften, 3L-stølane og Risnesnipa, må du rekne med at turen tek 6 – 8 timar.  Båtfolk som vitjar Hyllestad, finn merka stiar frå Risnes, Portevika og Storaker. Frå Portevika/Storaker er det kring 8 km med kupert terreng austover mot 3L-stølane, og ei heilt spesiell naturoppleving får du når du vandrar nedatt mot vest og strålane frå ettermiddagssola forgyller øyriket i vest; Solund, Bulandet, Værlandet og Alden.   
God tur, og nyt stunda!      


NYTTIGE FAKTA
 

Kart 
Turkart Hyllestad-Fjaler (utgjeven 2012)
Statens Kartverk Blad 1117 II Risnesøyna  


Turlengd
Hovland - Risnesnipa 3,6 km
Lekva - 3L-stølane - Gygrekjeften 5,2 km
 
Lekva - 3L-stølane -Hovland 8 km
3L-stølane - Jordevatnet 1,7 km
Portevika/Storaker - 3L-stølane 8 km


Link til overnatting i Hyllestad.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar