fredag 13. juni 2014

Øyriket Solund



Ytterst i Sognefjorden ligg Solund. Solund er den einaste reine øykommunen i Sogn og Fjordane, og den vestlegaste kommunen i Norge. Med 1700 øyar, holmar og skjer vest i havgapet er Solud eit populært reisemål for både båtturistar, øyhopparar, fisketuristar og kajakkpadlarar. Lengst mot vest ligg idylliske Utvær, Norges vestlegaste punkt.

Utsikt frå Utvær fyr - du kjem ikkje lenger vest i Norge enn her! Foto: Anne-May Waage.

Landskapet er prega av den sjeldne bergarten konglomerat, og fleire stader ligg det store steinar frå istida. Spesielt imponerande er Lågøystolane som ligg på ein liten holme midt i kommunen. 

Lågøystolane er eit spektakulært syn! Foto: hanrune.no.

Solund er eit eldorado for aktive feriar. Kommunen er kjent for å ha gode forhold for kajakkpadling. Dei mange øyane skjermar for vind og bølgjer, mens det på godvêrsdagar er kort veg ut på det mektige storhavet. Solund Natur tilbyr guida kajakkturar, kurs og utleige av utstyr. 


Solund er eit fantastisk område for kajakkpadling. Foto: Evelyn Røed.  
Storhavet omkransar kommunen, noko som gir perfekte forhold for sjøfiske. Det er også fleire gode fiskevatn på land. Fleire overnattingsstader har lagt forholda til rette for fiskeferiar med utleige av båt, sløyefasilitetar og tilgong på frys.



Steinsund Marinesenter (til venstre) og Solund Rorbuferie (til høgre) har tilrettelagt for fiskeferiar.

Kvar sommar kan ein vere med på øyhopping med postbåten i Solund - ei fantastisk reise mellom dei vestlegaste øyane i Norge. Her kjem ein tett på dagleglivet i øysamfunnet, der postbåten er sjølve livsnerva for busetnaden. Båten stoppar der det er postlevering og passasjerar før turen går nordover til idylliske Gåsvær og vidare til Bulandet i Askvoll. Øyhoppinga vart i 2010 kåra til Norges beste rundtur!  
Bli med på øyhopping i Solund!

Solund byr på flotte fot- og fjellturar. I heile kommunen finn ein godt merka turløyper i variert terreng. Pollatinden (541 m.o.h.), den nest høgste toppen i kommunen, gir storslått utsikt over øyriket frå toppen. Frå kommunesenteret Hardbakke er Ravnenipa (230 m.o.h.) eit populært turmål. Det er fleire flotte Nordsjøløyper i kommunen, blant anna i Ytre Solund og på Utvær.
På veg opp Pollatinden kan ein nyte flott utsikt! Foto: Hildur Ytreøy.

Norges vestlegaste punkt finn du på det idylliske fiskeværet Utvær. Her ligg Utvær Fyr – eitt av dei viktigaste fyra på vestlandskysten. Frå toppen av fyret er det fantastisk utsikt over øyane langs kysten og mot storhavet i vest. Om sommaren kan ein vere med på fyrsafari til Utvær. Det er også mogleg å vere vertskap på fyret!  
Idylliske Utvær. Foto: Laila Schønhardt.

Solund byr også på gode matopplevingar. Like ved gjestehamna på Hardbakke, kåra til ei av dei beste i landet, ligg Solund Bryggje. Dei tilbyr smakfulle matopplevingar basert på lokale råvarer. Med storhavet like utanfor er det svært god tilgang på gode råvarer frå havet. Rundt omkring i heile kommunen beitar det meir enn 1000 villsau. Villsauen er så populær her ute at det til og med er laga eigen villsaufestival!

  Ikkje sjå vekk frå at du møter ein nysgjerrig villsau eller 3, om du er på tur i Solund.
Foto: Tone Elise Brenna.

Lokalmatprodusenten Solundmat tilbyr fisk, skaldyr og produkt av villsau frå Solund. Solundmat har utsal på lokala i Ytrøy og leverer også til ei rekkje restaurantar rundt om i Norge. Du kan sjølvsagt også nyte råvarene på Solund Bryggje på Hardbakke. 

Havkroa i Hjønnevåg er ein koseleg restaurant med god mat. Den er open kvar dag i sommarsesongen og ellers i året på bestilling. Her kan ein også overnatte i rorbuer med høg standard. 
  Smak på øyriket Solund! Foto: hanrune.no/Solundmat.
Losnaspelet er ei flott oppleving. Dette er eit historisk spel, skrive av Rolf Losnegård. Lonsaspelet blir framført i vakre omgivnadar på øya Losna, lengst aust i Solund. Spelet handlar om Eindride Erlendson, som var blant Noregs rikaste og mektigaste menn i starten av 1400-hundre talet. I 2014 vert Losnaspelet arrangert frå 11.-13.juli, og det blir 3 dagar med spel, teater, konsertar, dans, natursti, fjøsgalleri, gudstenste og mykje meir. Blant anna står LidoLido på scena! 
Losnaspelet er ei flott oppleving!
For å komme til Solund må ein reise sjøvegen, enten med ferje, ekspressbåt eller eigen båt. Både ekspressbåt og ferje går til og frå Krakhella, ein halvtime med bil/buss frå kommunesenteret Hardbakke.

Velkomen til Solund! 

2 kommentarer:

  1. Solund er flott og vel verd eit besøk. Vi var der på padling i pinsa og det var berre ei heilt fantastisk helg!
    http://lenesintur.blogspot.no/2014/06/pinsepadling-i-solund-ospa-dag-1.html

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for link til flott innlegg om kajakkpadling i Solund! Mange gode tips og flotte bilete!

      Slett